Prosjektet vart vidareført for åra 2011-2013. Stord kommune søkte KS/Norad om midlar i eit rammeprosjekt for åra 2014-2016, og vart løyvd halve budsjettsummen ein søkte om. Dermed vert prosjektet avslutta i 2014, men ein jobbar for å finne ei løysing for å fortsetja på sikt.
Stord-Comalapa ein av seks partnarar i eit samarbeid mellom kommunar i Noreg og Guatemala. Stord-Comalapa og Ål-Sololá har vore med sidan 2008, medan Tromsø-Quetzaltengango, Stjørdal-Panajachel, Odda-Santiago-Atitlán og Tinn-Champericohar har vore med i MIC-programmet frå 2010 til 2013.
Overordna mål
Det overordna strategiske målet for programmet er å få til gode styringsprosessar i kommunane. Desse prosessane skal vera ein lekk i den globale kampen mot fattigdom og for bærekraftig utvikling, i samsvar med SN sine milleniumsmål for utvikling.
Føremål
Av dei fire føremåla kommunane kan velja å arbeide etter har dei seks samarbeidskommunane valt desse:
A) Miljøtenking inn i planlegginga
Her arbeider Stord og Comalapa med opplysningsarbeid i samband med bosshandsaming for å minka forureining.
B) Auka kvinnedeltaking og kvinnerepresentasjon.
Her arbeider Stord og Comalapa med informasjon og skulering for at fleire kvinner skal delta i dei lokale utviklingskomiteane i Comalapa sentrum og i grendene ikring.
Koordinator for MIC-prosjektet er Gerd Synnøve Fladby, Kulturtenester, Stord kommune.