- Funksjonane symjehall, kunsthall og administrasjon kan flyttast ut av kulturhuset.
- Foajé og vestibyle bør bevarast
- Biblioteket må synleggjerast meir og opnast opp, helst flyttast ned i foajeen. Bokkafé
- Aktiviteten nede i kjellaren må flyttast opp. Kjellaren kan heller nyttast til møterom og lagringsplass.
- Glasfasaden bør bevarast, men yttervegg mot Amfi og baksida bør gjerast noko med.
- Huset bør opnast opp på baksida for skuleungdom som kjem ned gangvegen frå Vikahaugane
- Parkering under bakken
- Funksjonane kino, konsertlokale, teatersal og bibliotek er hjarta i kulturhuset og bør vera der
- Bygget bør eigast og drivast av kommunen for å sikra et mangfaldig tilbod.
- Kulturskulen bør få større plass og betre eigna lokale. Nokre føreslo å flytta funksjonen opp til Vikahaugane.
- Nytt Kulturhus der ungdomsskulen ligg.
- Bør ha ein funksjon i Kulturhuset for samfunnsdebatt tilsvarande "Litteraturhuset" i Oslo
- Nytt konserthus på Vikahaugane
- Funksjonar og utstyr må oppgraderast med omsyn til dagens og framtidig teknologi. Her vart nemnt 3-D funksjon i kinosalen, hodetelefonar ved kvart sete, lyd og lysanlegg til å kunna visa komplette framsyningar frå Riksteatret m.m.
- Leggja betre til rette for brukargruppa 13-19 år.
- Restaurant i kulturhuset
- Kommunestyresalen til kulturhuset
- Manglar stor aukustisk konsertsal som kan ta imot store oppsetjingar
- Treng fleire mindre øvingslokale for fleirbruk. Gjerne 3-4 mindre kinosalar.
- Større konsertlokale slik ein ein kan ta imot t.d store rocke-band
- Parkanlegget framfor huset bør bevarast
- Dansesal og "black-box"-sal.
- Større og meir tigjengeleg utstillingsrom for visuell kunst
- Utvida Kulturhuset ved å bygga på fleire etasjar
Engasjer deg i debatten du og!
Diskutér kulturhuset si framtid på Facebook
Har du ein god idé? Meld han til prosjektleiar her