Skjermbilde av den nye nettstadenRegjeringa har sett i gang satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane. Den skal gjere kommunane enda betre til å planlegge, mobilisere, samarbeide og gjennomføre utviklingstiltak. Sida blir jamnleg oppdatert med nye saker om aktivitetar i satsinga.
 

den nye nettsida kan du no blant anna lese om:

Samarbeid om utvikling

Nettsida er utvikla etter innspel  frå fylkeskommunane. Nettstaden har adressa www.regieringa.no/luk og ligg under KRD sine sider på www.regjeringa.no. KRD vil jamleg oppdatere nettsida med artiklar om kva som skjer i satsinga og halde fram med å vidareutvikle sida særleg saman med fylkeskommunane og kommunar.

Hovudmålet er å inspirere dei involverte i satsinga, vere samlingsstad og arena for læring og kunnskapsutvikling. Samtidig skal sida informere og inspirere alle som har interesse for lokal samfunnsutvikling.