– Dette jobbar me med å forbetra, seier leiar Britt Dalsgård i Eining for heimebaserte tenester.
Låg svarprosent
I vår gjennomførte Eining for heimebaserte tenester ei brukarundersøking blant personar med psykiske lidingar og/eller rusproblem. Ein svarprosent på under 25 gjer at resultata diverre ikkje er representative, men einingsleiar Britt Dalsgård synest likevel det er interessant å samanlikna resultata med resten av landet.
Basert på dei noko usikre resultata, kjem Stord kommune litt under landsgjennomsnittet på tenester for personar med psykiske lidingar og/eller rusproblem.
Einingsleiaren kan fortelja at dei arbeider med å betra kvaliteten på tenestene, med hovedfokus på dei områda brukarane er minst nøgde med. Desse områda er informasjon, brukarmedverknad og resultat for brukaren.
Jobbar for å blir betre
Einingsleiaren fortel at det er utarbeidd informasjonsfaldar om tenestetilbodet i avdeling for psykisk helse, og at eininga arbeider med informasjonen på heimesidene. Avdelinga har også arbeidd med interne rutinar som skal gjera tenesta meir forutsigbar. Dalsgård håpar neste undersøking våren 2013 vil gi ein indikasjon på om dette arbeidet har gitt resultat.
– Når det gjeld brukarmedverknad handlar det om utforming av vedtak, i tillegg til dagleg tenesteyting. Her vil altså forbetringsarbeidet handla om samarbeid mellom sakshandsamar, brukar og oss som tenesteytarar, forklarar ho.
Resultat for brukaren avspeglar korleis brukar opplever møtet med tenesteytar.
– Dersom me går inn i detaljar her (blir ikkje vist i tabell pga låg svarprosent), går det fram at den største utfordringa er at brukaren opplever at dei ikkje får melding når forsinkingar oppstår.
Skårar høgt på respekt og teieplikt
– Me er spente på om dette vil betra seg ved neste måling, sidan avdelinga no har vore i drift over lengre tid, og dei tilsette har hatt fokus på dette. I detaljane ser me at brukarane våre skårar høgt på at dei vert møtt med respekt, og at dei tilsette ivaretek teieplikta, seier Dalsgård.
Ho fortel at undersøkinga var gjort ved hjelp av spørjeskjema som kunne svarast på anten elektronisk eller på papir. Ho trur metoden som vart nytta kan forklara den låge svarprosenten.
– Det kan sjå ut som dette ikkje var nokon god metode, ettersom det var under 25 prosent som svara. Me planlegg ny undersøking i mars 2013. Då vil me prøva å gjera undersøkinga i samarbeid med brukarorganisasjonane, og gjennom intervju med brukarane, seier einingsleiar Britt Dalsgård.