Næringsprisen 2014 er eit samarbeid mellom Stord Næringsråd og Sparebanken Vest. Næringsprisen skal bidra til å skapa merksemd rundt næringslivet, og gje honnør til dyktige næringslivsaktørar.
I hard konkurranse med Apply Leirvik og Fylkesnes bil var det Kværner Stord som stod igjen som vinnar av Næringsprisen 2014. Det var produksjonsleiar Nils Askeland og kommunikasjonssjef Odd Naustdal som tok imot prisen på vegner av Kværner Stord.
Skapar arbeidsplassar
Kværner Stord er ein aktør i næringslivet på Stord av spesielt stor betyding. Ja, for heile regionen er dette ei verksemd som har betyding for sysselsetting, verdiskaping og kompetanseutvikling.
Kværner Stord gjekk inn i 2014 med rekordstore ordrereservar, samstundes som det var investert i store nye verkty for å møta konkurransen om nye oppdrag.
Kværner Stord er klar på at framtida skal møtast med å verta meir konkurransedyktig, men like tydeleg er bodskapen om at det er nytilsette lærlingar som er verksemda si framtidige kompetanse.
Kriteria for prisen
Prisen har fylgjande kriteria: "Prisen skal gå til ei verksemd som har utmerkt seg anten gjennom innovasjon, kreativitet eller gode resultat. Verksemda som får prisen må vera medlem i Stord Næringsråd."