Kvart år døyr mellom 60 og 80 menneske i brann i Noreg. Brannar kostar det norske samfunnet fleire milliardar kroner kvart år. Ei av Stord brann og redning sine viktigaste førebyggande oppgåver er informasjons- og motivasjonstiltak retta mot innbyggarane.
Stord Brann og redning kan tilby skreddarsydde kurs innan brannvern til alle typar verksemder og brannvernleiarar. Opplæringa blir tilpassa den enkelte verksemd ut i frå dei behov og ynskjer som verksemda har. Kursa kan kjørast lokalt i den enkelte verksemd eller på Stord brannstasjon. Me er konkurransedyktige på pris og våre instruktørar har høg kompetanse. Brannvernopplæring for grendelag og velforeningar kan de lesa om nedanfor.
Tema knytt til brannvern blir spesialtilpassa etter kunden sitt eige ynskje. Ta kontakt for ein uforpliktande prat om moglege løysingar og eventuelt prisoverslag.
Døme på kurs
- sløkkjeøvingar (bruk av forskjellige sløkkjemiddel)
- brannteori (kvifor brenn det og kva skjer når det brenn)
- grunnopplæring (generelt brannvern(brannteori og sløkkjeøvingar)
- evakueringsøvingar (med eller utan kunstig røyk)
- varme arbeid + re -sertifikering
Målgruppe
- Grendalag
- Velforeiningar
- Private verksemder
- Kommunale einingar
- Skular
- Barnehagar
Grendelag og velforeiningar
Me kan tilby "gratis" brannvernopplæring til grendelag og velforeiningar. Stord Brann og redning stiller gratis, men me må be om å få dekka utgifter til materiell. For pris/kostnad ta kontakt.
Me ynskjer å tilby ei opplæring med enkel informasjon om dei mest vanlege brannårsakene, og kva som kan gjerast for å unngå dei. Me vil visa kor enkelt eit branntilløp kan stoppast berre ein har litt trening og kan bruka det ein måtte ha for handa. Dei som tar del i denne opplæringa vil, om dei ynskjer, få prøva ulike metodar for å sløkka brann, m.a. med pulver, skum, vatn og ullteppe.
Opplæringa tar inntil 2 timar og det kan,om ynskjeleg, bli gjennomført etter vanleg arbeidstid, fram til kl. 20.00. Dette kan og vera eit fint høve for naboar og venar til å koma saman til sosialt samvær og i tillegg betra branntryggleiken i lokalmiljøet.