Kristin Steinsland, som har vert einingsleiar sidan 2020, opna markeringa og hadde mange gode ord å seie.
 

Det har vore 40 år med godt samarbeid og mykje velvilje. Det har vore 40 år med eit fantastisk frivillig engasjement. Mykje har skjedd på desse 40 åra, men mykje er også likt. Eg vil takka alle som har bidratt og som bidrar til at Knutsaåsen er ein god stad å bu og ein god stad å jobba. Knutsaåsen omsorgssenter sin visjon er «Kultur, trivsel og omsorg i kvardagen». Kulturen kjem til oss når ein ikkje kan oppsøke kulturen sjølv. Tusen takk til alle dei fantastiske frivillige som gleda oss med sitt engasjement, sa einingsleiar Kristin Steinsland.

Varaordførar Øyvind Kyvik holdt også tale.

Gratulera så mykje med 40 års dagen til dykk alle. Dette er eit fint høve til å sjå tilbake på fira tiår med gode tenester, omsorg og kjærleik som er blitt gjeve her på Knutsaåsen. Me er her i dag ikkje berre for å feira sjølve lokasjonen, men spesielt dei fantastiske personane som faktisk jobba her, og legg ned ein uvurderlig innsats for eldreomsorga på Stord. Det å ta vare på eldre er ei oppgåva som krev kunnskap, tolmod, kjærleik og forståing. Det kan vera svært krevjande, og eg vil på vegne av det politiske miljøet på Stord sei, tusen takk. Eg følger med på facebook sida dykkar og det gledar meg å sjå den entusiasmen og gløden dykk har i å gi bebuarane ein så god eldreomsorg som mogleg, med ulike aktivitetar og innhald i kvardagen. Og så må me ikkje gløyma dei som har budd her på Knutsaåsen gjennom årene. Dykk, våre kjære bebuara er sjølva hjarta av knutsaåsen omsorgssenter. Dykkar livshistorie, erfaringar og smil har fylt denne staden med varme og liv. Eg vil og takka dei frivillige som brukar tida si på å gjere kvardagen til bebuarane på Knutsaåsen betre. Me vil i framhaldet vera heilt avhengig av dei frivillige og pårørande for å kunne handtera dei utfordringane me som kommune står ovanfor. Som fungerande ordførar for stord kommune så er eg glad for å seie at me skal jobba for å utvikla Knutsaåsen vidare. Me har nokon utfordingar på vegen, men me kjenner til betydinga av å investera i eldreomsorg. Igjen, gratulera med dagen til dykk alle, sa varaordføraren. 

Det var ei hyggeleg markering med live musikk, servering av kaker og kaffi, og god drøs rundt bordene.