I alt 14 kommunar i Sunnhordland og på Haugalandet har inngått eit samarbeid for å kjøpa eller leasa til saman om lag 400 bilar. Kontrakten har ein verdi på mellom 30-40 millionar kroner.
I oktober i fjor gjennomførte Sunnhordland Interkommunale Innkjøpsforum saman med innkjøpssamarbeidet på Haugalandet ein felles anbodskonkurranse. Innkjøpsprosessen vart gjennomført av Karmøy kommune på vegner av dei 14 kommunane som deltek i innkjøpssamarbeidet.
Uklart konkurransegrunnlag
Stord kommune vart, som ein av dei 14 kommunane som var med på denne anbodskonkurransen, innklaga til Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) av ein av tilbydarane i anbodsrunden. Tilbydaren sendte også krav til Tingretten om å pålegga kommunane ikkje å inngå avtalar før klagen var behandla av KOFA, og dette vart teke til etterretning.
Tilbydaren klaga innkjøpet inn for KOFA fordi dei fann konkurransegrunnlaget uklart formulert, samt at dei tekniske spesifikasjonane ikkje var rette. I tillegg meinte tilbydar at det var brot på regelverket å avvisa tilbodet frå dei.
Avviste klagen på alle punkt
Saka er no ferdighandsama i KOFA, og klagenemnda konkluderer med at kommunane ikkje har brote regelverket for offentlege innkjøp. Klagen er avvist på alle punkt.
Kommunane i Sunnhordland inngår etter dette avtale om levering av bilar med Leaseplan Norge og DNB Autolease.