Kommunane Bærum, Asker, Oslo, Gjøvik, Horten, Larvik og Øvre Eiker ligg på topp og har alle ti elementa i sin demensomsorg, som Helsedirektoratet etterspør i ein ny nasjonal kartlegging. Det er eitt poeng per element.
Det inneber at dei har: demensplan, politisk handsama demensplan, demensteam, demenskoordinator, tilrettelagt dagaktivitetstilbod for heimebuande med demens, støttekontaktar for personar med demens, gjennomført pårørandeskule i løpet av dei siste to åra (2013/2014), skjerma avdeling på sjukeheim, forsterka skjerma avdeling på sjukeheim og bufellesskap for personar med demens.
Stord kommune manglar berre demenskoordinator og demensplan, som og er handsama politisk.
Demensbarometeret er basert på opplysningar som kommunane sjølv har oppgitt til Nasjonal kompetanseteneste for aldring og helse, som gjennomførte kartlegginga for Helsedirektoratet i oktober 2014. Her kan du lesa meir om rapporten.