Det er Nasjonalforeningen for folkehelse sin kampanje "Demensvennlig samfunn" Stord kommunen no blir med på. Ordførar Gaute Straume Epland og rådgivar Ingvild Tjønn Hansen frå Nasjonaforeningen for folkehelsen signerte avtala i kommunestyret i dag.
Målet med kampanjen for eit meir demensvenleg samfunn, er at menneske med demens skal møts forståing, respekt og støtte frå dei gruppene i befolkningen som dei trenge hjelp frå. Det vil gjere det mogleg for dei å utføra vanlege kvardagsaktivitetar, som for eksempel:
- å handla
- bruka offentleg transport
- kommunisera med offentlege myndigheiter
- delta i foreiningsliv
- vera i fysisk aktivitet
- bruka kulturaktivitetar som for eksempel bibliotek, kino og konsertar
Nasjonalforeningen for folkehelsen ønskjer at personell i offentleg og privat servicenæring, som for eksempel bibliotekarar, butikkmedarbeidarar, kioskmedarbeidarar, servitørar, bussjåførar og medarbeidarar på kundetorget til kommunen, skal få opplæring i korleis dei best mogleg kan møta menneske med demens.