Brannsjef Børge Presthaug signerte i går avtale om ny brannbil til eininga. Bilen er kjøpt frå Flekkefjord firmaet Egenes Brannteknikk AS.
Bilen vert levert i midten av februar 2016 og har ein verdi på kr 3.189,000,- eksklusiv meirverdiavgift.
Litt tekniske data
Bilen er av ein Scania P 450 automat. Den vert levert med stor cabin. Bilen er raud med plass til totalt 6 personar. Vanntanken er på 3500 liter og skumtanken på 200 liter. Slangetrommelen for høgtrykk med 60 meter slange.
Monitoren (vass kanon) over førertaket er fjernstyrt frå førerhuset. Kastelengden er omlag 75 m og 2500 liter i minuttet. Vinsjen i front har nytt elektrisk frigjeringsutstyr og stor rosenbauer pumpe.
Bilete: Administrerande direktør i Egenes Brannteknikk A/S Steinar Egenes og brannsjef Børge Presthaug.