Nina Steinsbø Walquist er for tida einingsleiar i eining for habilitering og har vore leiar der i 10 år. Med ei fartstid i tenesteområdet habilitering, i Stord kommune, i over 26 år, fann Walquist ut at det var på tide å skifta arbeidsstad.
Eg stortrives i jobben min i eining for habilitering, men då einingsleiarstillinga på tildelingskontoret vart ledig, syns eg dette verka som ein spennande jobb som eg tenkte ville gi meg andre utfordringar enn dei eg har i dag. Eg tenkjer det er sunt å flytta på seg, både for eiga utvikling og for utvikling av tenestene. Eg gledar meg til å bli kjent med alle dei flotte medarbeidarane som eg skal jobba i lag med, seier ho.
Walquist er utdanna vernepleiar, men har i tillegg vidarerutdanning i rettleiingspedagogikk, leiarutdanning helse og omsorg, og master i organisasjon og leiing. Ho har lang erfaring med utføring av tenester og skal no ta fatt på oppgåver med å tildela tenester.
Til dags dato har eg jobba med utføring av tenester, men i jobben på tildelingskontoret vert jobben på eit litt anna plan føler eg, med at eg då sit på den sida av bordet der søknader vert vurdert og tenester tildelt. Eg trur eg vil få brukt utdanninga og erfaringa mi på ein anna måte enn eg har gjort tidlegare, og det synes eg er spennande. Eg likar nye utfordringar og å læra nye ting. Det eg kan minst om før eg startar i ny jobb er oppgåver og ansvar knytt til bustadkontoret. Det gledar eg meg til å læra meir om.
Det vert stor overgang mellom arbeidsstadane. Mens eining for habilitering har 12 avdelingar, 10 av dei med døgnbemanning og i tillegg med ulik lokasjon, har tildelingskontoret færre tilsette og er samlokalisert i rådhuset.
Overgangen er at alle tilsette no vert under same tak og eg vil møta dei kvar dag. Det er uvant og blir ein kjekk overgang. Tildelingskontoret har også funksjon som koordinerande eining i Stord kommune. For meg betyr dette at me skal sjå kvar enkelt søkjar til helse- og omsorgstenestene, og vurdera saman med utførareiningane korleis Stord kommune på best mogleg måte kan gi gode og effektive tenester, dette trur eg vil vera både utfordrande og spennande.
Som kjend er det Esther Aasen Bjelland som tek over stafettpinnen i eining for habilitering. Walquist tiltrer som leiar på tildelingskontoret på nyåret, når Aasen byrjar på eining for habilitering.
Me ønskjer ho lukka til i ny eining hjå oss.