Hovudretten var seibiff «Kristian Lunde» med sjøkreps og ramsløk, løk, bakt kålrot og gulrot, byggryn og epler og eplesaus. Desserten var Kesamfromasj "Svart fløyel" (smak av kaffi). Nøttebunn, solbær og mørk sjokolade.

Hovudrett

Til 4 porsjonar:

600 gr seifilet
4 sjøkreps
Ramsløk
8 Gul delikatesseløk
12 Rød delikatesseløk
500 gr kålrot
2 gulrot
150 gr heile byggryn
1 eple
5 dl ferskpressa eplemost
3 dl kyllingkraft
1 ss lettrømme
0,5 dl lett matfløyte
Olivenolje
Salt og pepar

Kålrot:

Del i betar på ca 5x5 cm. Pensle med litt olje, bak i omn i ei form under folie i ca 1 time på 200 grader. Den skal bli mør.

Løk:

Skjer litt av rotenden på løken. La skalet vera på og legg i ei form og bak i omnen, på ca 180 grader i ca 10 min. Avkjøl litt og press ut løken av skalet. Den raude løken kan vendast med litt eddik for å få ein finare farge.

Byggryn:

Blautlegg gryna i kaldt vatn i 4-6 timar. Kok i ca 20 min med 2,5 dl kyllingkraft. Juster evt med litt vatn. Skrell og del epla i terningar, og tilsett byggryna mot slutten.

Gulrot:

Kok i lettsalta vatn med litt smør.

Saus:

Reduser eplemost ned til ca 0,5 dl. Tilsett 0,5 dl kyllingkraft, lettrømme og matfløyte. Kok opp og pisk godt. Kan kjøra det med stavmiksar.

Seibiff:

Del opp fisken i stykker på ca 150 gram. Bruk gjerne nakkestykket. Strø litt salt på ½ time før steiking. Litt pepar på før steiking. Ta krepsehalen ut av skalet, del opp i terningar og vend inn litt ramsløk, anten fersk eller frå pure på glas. Krepsen legg du oppå seistykka. Steik seien i panne med litt olje. Steik fisken på den eine sida. Legg over litt aluminiumsfolie eller eit lokk, slik at varme trekk inn på sjøkrepsen. Steiktid ca 5-10 min, avhengig av kor tjukk fisken er.

Dessert

Til 6 porsjonar:

6 dl mager Kesam
1 dl sterk kaffi (helst frå «Svart fløyel)
6 pl gelantin
3 eggekviter
7 ss melis

Legg galantinplater i blaut i kaldt vatn i ca 5 min. Lag kaffi og kok opp.

Pisk eggekviter stive og tilsett melis litt etter litt og pisk vidare til stiv marengs.

Press vatn ut av gelantinen og bland dei i den varme kaffien. Avkjøl litt og tilsett kesam under omrøring. Vend til slutt inn marengsen. Fordel i porsjonsskåler og sett kaldt i 2-4 timar.

Server med solbær eller andre bær, finhakka mørk sjokolade og gjerne ein liten nøttebunn.