MOT-brua står for målretta innsats med haldningsskapande arbeid for og med ungdom, og for godt arbeid med å skapa eit varmere og tryggare oppvekstmiljø.

Når ein kommune har jobba med MOT i 3 år, får dei utdelt grunnmuren i MOT-brua og 4 steinar. Deretter får dei ein stein per år fram til brua er komplett. Denne veka kom den siste steinen på plass i Stord-brua.

Ordførar Liv Kari Eskeland er glad for at Stord kommune engasjerer seg i MOT.

– Førebygging er veldig viktig. Dette fungerer og gjer ungdommane trygge og sterke, seier Eskeland.

MOT er kult 

Stord kommune er Lokalsamfunn med MOT. Det inneber at MOT er ein raud tråd i ungdommen sin kvardag, mellom anna gjennom program på skulen og tiltak på fritida. 

– Ungdommane synest faktisk det er kult med MOT, seier MOT-informatør Hans Petter Almås.

I Stord kommune har dei tre ungdomsskulane kvar sine to MOT-informatørar som har ansvar for gjennomføringa av MOT-programmet i skulane. Fleire gonger i året vitjar dei ungdomsskuleklassane. Gjennom dialog, øvingar, rollespel vert ungdommane bevisstgjort til å ta vare på kvarandre og ta eigne val.

I tillegg til MOT-informatørane har Stord kommune har også utdanna 13 niandeklassingar til Ungdom med Mot. Desse ungdommane er blitt kursa på verdiar og haldningar, og skal vera med og gjennomføra eit MOT-program i 7. klassane.  

MOT-verdiane

I tillegg til å visa mot til å ta eigne val, har MOT følgjande tre grunnverdiar: 

  • MOT til å leva
  • MOT til å bry seg 
  • MOT til å seia nei.

Bildet: MOT-informatørane Hans Petter Almås (t.h.) og Martin Vik overrekkjer  Ordførar Liv Kari Eskeland den komplette MOT-Brua. 

Meir om MOT finn du på www.mot.no