Det er Frivilligsentralen i tett samarbeid med frivillige, politiet, utekontakt, SLT og ambulanse som organiserer Natteramn-ordninga, og no er dei på jakt etter nye frivillige som kan hjelpa til.

Å gå Natteramn handlar om å vera til stades for barn og unge når dei ferdes ute på kveld- og nattetid, ta ansvar og visa omsorg når dei unge treng det. Det handlar også om at me i fellesskap kan vera med på å skapa tryggheit, trivnad og tilhøyrsle i lokalsamfunnet vårt, slik at barn og unge får ein tryggare oppvekst.

Me håpar at du som les dette kan vurdera å ta ei vakt eller to som Natteramn! Du kan lesa meir om ordninga her: https://stord.frivilligsentral.no/aktivitet?natteramn&Id=4402

Ynskjer du å bli natteramn? Søk opp Stord Natteravn, lukka Facebookgruppe, og registrer/meld deg inn i  der. 

Frivilligsentralen arbeider og med å etablera «Kveldsramn» som er tenkt som ei natteramnsordning fredagskveldar om lag kl. 19.00 – 22.00. Me ser at det i dette tidsrommet samlast mange unge i Leirvik sentrum og at å få til ei kveldsramn-ordning hadde vore eit flott tiltak.