Kva er foreldrerettleingskurs?

Circle of Security Parenting (COSP), eller Tryggleikssirkelen på norsk, er eit manualbasert og brukarvenleg rettleiingsprogram for omsorgspersonar.

Gjennom kurset skal foreldre få verktøy og trening i korleis tolka barnet sine signal, og korleis dei kan møte barnet sine emosjonelle behov.

Gode attendemeldingar

Totalt har ca. 110 foreldre gått i desse gruppene sidan oppstarten. Attendemeldingane er svært gode:

Kurset har løfta perspektivet mitt. Har falle meir til ro i rolla. Samhaldet i gruppa viser at ein ikkje er åleine.

Har lært masse eg ikkje visste. No er det enklare å kommunisera og eg forstår meir av åtferda.

Har fått rolegare dagar med barna, mindre stress. Har lært meir om eigen oppvekst og kjenslemeistring.

Dette er ikkje eit kurs for dårlege foreldre, tvert i mot. Eit kurs alle burde vera med på for å forstå barna sine, men også seg sjølve.

Etterlengta tilbod

Føremålet med kursa er å gje foreldre eit bedre utgangspunkt for å meistra foreldrerolla, og for å stimulera til sunn utvikling og god psykisk helse hjå barnet. 

Ein treng ikkje ha utfordringar med barnet for å delta på kursa! Kursa er for alle og dei er gratis. 

Me starta opp med foreldrekurs fordi mange foreldre etterspurde det, og som hadde behov for å bli tryggare i foreldrerolla. Alle ønskjer jo det beste for barna sine, og få veta at det dei gjer er godt for barnet, seier prosjektleiar Tonje Skorpen.

Les meir om foreldrekurs, og meld deg på via denne lenka