Leirvik gjestehamn
Gjestebrygga ligg inst i hamna - i sentrum av byen. Strandpromenaden i sentrum går og rundt gjestehamna og ut til ytst på moloen.
Her kan du sjå webkamera over gjestehamna.
Tenester i gjestehamna:
- bunkring
- straum
- vatn
- leikeapparat
- serviceanlegg med toalett/dusj, vaske- og tørkemaskinar (ope i perioden 15. juni til 15. august)
- grillområde/grillhus med bord og benker
- gratis trådlaust internett
- tøming av septik
Frå gjestehamna er det gåavstand til kino, symjehall, restaurantar, forretningar, museum, apotek, lækjarar, tannlege, politi, bank og post.
Ordensreglement for Leirvik gjestehamn
Storddøra
Kunstverket på moloen ved innløpet av Leirvik heiter Storddøra . Det er den kjende kunstnaren Sissel Tolaas frå Stord som står bak verket. Parken rundt kunstverket er kalla Onarheim Parken.
Sagvåg gjestehamn
Lun og skjerma gjestehamn.
Tenester i gjestehamna:
- straum
- vatn
- Diesel ved Aasheim slipp
I gangavstand finn du bl.a. apotek, frisør, daglegvarebutikk, kafe/pub. Hamna i Sagvåg vert av båtfolket rekna for å vera ei av dei finaste på Vestlandet. Bruk app`en GoMarina for å finne pris og betale for opphaldet.
Huglo gjestehamn
Huglo har ei fin gjestehamn like ved daglegvarebutikk. Du betaler hamneavgift i butikken.
Tenester i gjestehamna:
- bunkring
- Vatn
- Straum
- Toalett
- post
- vaskemaskin /tøketrommel
- dusj
Sjå elles www.huglo.no
Pris
Bruk app`en GoMarina for å finne pris og betale for opphaldet. Huglo gjestehamn er privat og ein betaler i butikken på kaien.