Alle lag, foreiningar og verksemder i kommunene vert invitert til å registrera lokale arrangement for GjenbrUKA 2025 i ein felles aktivitetskalender.
Dette er ei veka med ulike arrangement som skal bidra at me blir betre på ombruk, reparasjon og får auka bevisstheit rundt bærekraftige løysingar. I sambandet med dette vert aktørar med relevante tilbod og tiltak invitert til å bidra – dette kan vera alt frå frivillige lag og foreiningar til offentlege tenester og verksemder. Bare fantasien set grenser for kva dette kan omfatta, men eksempel kan vera:
- Gjenbruksarrangement i regi av ideelle organisasjonar
- Loppemarknad, bruktmesser eller byttedag i regi av idrettslag, skuleklassar eller korps
- Omsøm/redesign (og eventuelt kurs)
- Kurs i service/vedlikehald av syklar i regi av frivillige eller verksemder
- Kurs i reparasjon av motorsager, høgtrykkspylarar, andre verktøy, møblar m.v.
- Relevante kurs eller føredrag
På nettsida Gjenbruka kan alle som vil arrangera noko melda inn sitt arrangement. Det blir ei felles marknadsføring av gjenbruka, og publikum kan gå inn å få oversikt over alle arrangement. All marknadsføring av innmeldte tiltak på “GjenbrUKA” vil sjølvsagt vera gratis for dei som vil halda arrangement.
Kva skjer på Stord
Det er allereie registrert Arrangement du kan delta på. For eksempel:
- Inspirasjonsføredrag om redesign & innreiing på budsjett med Ingrid Storetvedt, på biblioteket
- Kompostkurs på biblioteket
- Pop-up butikk “Godt brukande” på Amfi Stord, i regi av SIM