Frivilligsentralen skal vidareførast som ei kommunal avdeling under eining for kulturtenester, og driftstilskotet til sentralen for 2016 vert overført til eininga.
Positivt for prosjekt
Allereie før vedtaket i kommunestyret hadde kommunen arbeidsgjevaransvaret for dagleg leiar i Stord Frivilligsentral. Frå 1. januar i år er det Nina Lovise Langeland som har fungert i denne stillinga, og ho ser fleire fordelar med at sentralen skal drivast i kommunal regi.
- Sentralen og kommunen har allereie fleire prosjekt der me jobbar saman, og eit tettare band vil vere positivt for desse prosjekta og tenestane dei resulterer i.
Per i dag er frivillige gjennom Frivilligsentralen i samarbeid med Tilrettelagt fritid med å arrangerer eldretreff i Stord kulturhus og i Buneset. Sentralen koordinerer også frivillige til tilbodet for eldre i Sævarhagen. Kommunen og Frivilligsentralen har i tillegg samarbeid rundt tenester tilbydd av heimehjelpa, Frisklivssentralen og kreftkoordinatoren i kommunen.
Tre kommunale sentralar i Sunnhordland
På sikt håpar Langeland at sentralen kan samlokalisere med andre relevante samarbeidspartnarar, slik at ein kan få drive i eit større lokale med meir plass for aktivitetane og prosjekta som ein jobbar med.
- Me har om lag hundre frivillige på Stord som vert koordinert til ulike prosjekt og tenester gjennom Frivilligsentralen, opplyser den daglige leiaren.
Av Frivilligsentralane i Sunnhordland er to drive kommunalt, og desse er i Tysnes og Kvinnherad. Fram til no har sentralen på Stord vore drive som ei stifting, som no skal avviklast før drifta vert overført i kommunal regi.
Les meir om kva Stord Frivilligsentral jobbar med på heimesida her.