Markeringa i Oslo opnar med eit arrangement på Nobels Fredssenter 1. desember som så blir følgt av diverse arrangement gjennom helga 2. - 4. desember, og vert avslutta med ein fredsgudsteneste for Guatemala i Sofienberg kirke søndag 4. desember.
Var med å oppretta venskapet
Ordførar Harry Herstad hadde ei sentral rolle av opprettinga av og vedvaring av dei lange, sterke og mangfaldige venskapsbanda mellom Stord og Comalapa. Han er difor invitert til å delta i eit samtalepanel i programmet, som representant for venskapskommunane den 1. desember.
- Eg ser fram til denne innhaldsrike markeringa knytt til 20-årsjubileet for fredsavtalen i Guatemala. Venskapssambandet mellom Stord og Comalapa har vakse seg sterk gjennom desse åra. Det er grasrota her i kommunen, lag og organisasjonar, som har utvikla dette samarbeidet. Kommune og høgskule har og bidratt til konkrete prosjekt, men viktigast av alt er kanskje den tosidige viljen til å besøka kvarandre, lera kvarandre å kjenna, erfara likheiter og forskjellar i kulturar og tenkemåtar, seier ordførar Harry Herstad.
Til facebookarrangementet "Fredsmarkering for Guatemala"
Noreg bidrog under fredsforhandlingane og har sidan hatt ei viktig rolle i oppfølginga av desse, både gjennom bistandssamarbeid og mangfaldet av samarbeidsrelasjonar mellom folk og organisasjonar i Noreg og Guatemala. På tross av nokre positive utviklingstrekk er Guatemala fortsatt eit land med aukande fattigdom og sosiale forskjellar, med store menneskerettigheitsutfordringar, mykje korrupsjon og ein svak rettstat, og med stadige begrensingar på handlingsrommet til sivilsamfunnet.
*Mellom Amerika-forum er eit forum av og for organisasjonar som held til i Oslo som har eit engasjement for og i regionen: Caritas, Flyktningehjelpen, FOKUS, Kirkens Nødhjelp, Latin-Amerikagruppene i Norge, Norges Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Norsk Menneskerettighetsfond, PBI, Redd Barna, Regnskogsfondet, SAIH, Utviklingsfondet.