Førehandsrøystinga er i gong og det har vert eit jevnt sig med innbyggjarar frå klokka ni i dag tidleg.
Ein må stå oppført i manntalet for å få røysta. Alle som fyller 17 år i løpet av 2016 har også røysterett ved folkerøystinga.
Innbyggjarane frå begge kommunane kan førehandsrøysta i Stord eller Fitjar.
Til høgre ser du spørsmålet som står på røystesetelen.
Her kan du lesa meir om førehandsrøystinga og opningstider.
Bilete på topp: Røystemottakarane Magnar Andreas Rikstad og Matias Toskedal, og innbyggjar Alexander Miedler.