Røysterett og manntal
Alle som fyller 17 år i løpet av 2016 har røysterett ved folkerøystinga. Elles gjeld kriteria for røysterett som ved kommuneval, jf. Vallova § 2-2.
Ein må stå oppført i manntalet for å få røysta. Manntalet for den enkelte kommune vert lagt ut til offentleg ettersyn i Kundetorget på rådhuset i tidsrommet 1. – 23. april.
Valdagen
Røystestad Stord kulturhus
Opningstid klokka 09.00 – 20.00.
Dersom ein er i Fitjar denne dagen kan ein røysta i Fitjar kultur- og idrettsbygg.
Det vert ikkje nytta valkort ved folkerøystinga, hugs legitimasjon!
Røystesetelen
Spørsmål på røystesetelen er: «Skal Fitjar og Stord bli slått saman til ein ny kommune?»
Mogelege svar er «Ja» eller «Nei». Ikkje kryssa røystesetel blir rekna som blank.
Her kan du lesa om kommunereforma.
GODT VAL!