Stord ungdomskor delte førsteplassen i sin klasse og fekk tredje plass i showkonkurransen.
Songarane, dirigentane Liv Kari Bru og Reidun Hagenes har lagd ned eit stort arbeid i førebuingane til denne konkurransen og det er fantastisk at dei oppnådde dette flotte resultatet.
Ungdomskoret er ein del av tilbodet i kulturskulen og me er svært stolte over det koret gjorde i denne konkurransen. Dette syner at koret igjen er tilbake der dei har vore tidlegare, nemleg blant dei fremste kora i Noreg.
Me sender ei stor takk til Liv Kari og Reidun og til dei flinke jentene i koret!
Takk også til Katrine Lunde som hadde regiansvaret for showdelen.
Kva bladet Sunnhordland skriv om dette kan du lese her.