I samband med handsaming av budsjettet for 2013 bad kommunestyret LOS-utvalet om konkrete forslag til tenester som høver for konkurranseutsetjing innan den kommunale verksemda. LOS-utvalet gav vidare rådmannen i oppdrag å utarbeida ei sak som skulle gi grunnlag for ei politisk avklaring på kva for tenester som eventuelt kan setjast ut på anbod.
Torsdag 21. mars vil rådmannen leggja fram forslag for LOS-utvalet, som skal innstilla til kommunestyret i saka. I sitt framlegg føreslår rådmannen at kommunen som eit første steg utlyser konkurranse om reinhaldstenestene.
Rådmannen ser ikkje at organisasjonen har kapasitet til å utføra fleire konkurranseutsetjingsprosjekt samstundes, og rår til at kommunestyret vurderer ytterlegare prosjekt på bakgrunn av dei erfaringane ein no gjer seg, fortrinnsvis ved rullering av budsjett og økonomiplan.
I saksutgreiinga vert det presisert at tilsette i funksjonar som vert konkurranseutsette vert overført til ny arbeidsgjevar, men beheld sine rettar etter arbeidsavtalen.
Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga til LOS-utvalet på side 6–13