Tysdag ettermiddag vitja TV2-filmteamet Sunnhordland for å filme regionen frå lufta til programmet "Fly med oss" som vert sendt på tv-kanalen.
TV2-helikopteret og teamet vart ønskt velkomen til lufthamna av ordførar Liv Kari Eskeland og lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.
Kjendisfotografering
Dei oppmøtte vart servert mat frå den lokale restauranten Brygga 11, og på programmet stod flygeoppvisning samt oppvisning med modellfly og dragracingbil. Sagvåg Musikklag stod for det musikalske innslaget.
Programleiar Arne Hjeltnes tok seg god tid til å samtala med dei frammøtte, og mange fekk også høve til å verta fotografert saman med kjendisen.
Etter opphaldet på Stord lufthamn tok helikopteret turen over Leirvik og Moster på Bømlo.
Opptaka frå flyturen over Sunnhordland vert vist på TV2 onsdagkveld 4. juni.
Bilete på topp: Programleiar i TV2, Arne Hjeltnes, intervjuar norgesmeister i presisjonsflyging, Odin Sætre.
Bilete i artikkel: Fleire møtte opp på lufthamna tysdag ettermiddag for å få med seg arrangementet rundt TV2-programmet "Fly med oss".