Filmen Hverdagslandskapet tek utgangspunkt i Den europeiske landskapskonvensjonen. Konvensjonen framhevar landskapet som leveområde for menneske og tema for demokratisk debatt. Konvensjonen slår også fast at landskapet betyr mykje for livskvalitet og helse og for utviklinga av gode, livskraftige lokalsamfunn.
Når me tenkjer på landskap, er det gjerne vakre natur- og kulturområde som først fell oss inn. Men også vegen til butikken, nærmiljøet rundt barnehagen og kaiane langs ei travel hamn er landskap.
Innslag om Stord
I denne filmen møter me menneske i mange ulike landskap. Me ser korleis landskapet påverkar kvardagen deira.I dei siste ni minuttane av filmen (start 15:10) er me på Stord. Her møter me mellom anna ordførar Liv Kari Eskeland som snakkar om byplanlegging og gode byrom i Leirvik sentrum.
Fremjer gode kvardagslandskap
Landskapskonvensjonen gjeld alt landskap – alt frå fjord og fjell til byar og bygder – vakre landskap, heilt alminnelege landskap og øydelagde landskap. Ved å gjennomføra konvensjonen i Noreg bidrar styresmaktene til å fremja gode kvardagslandskap.
I Noreg vart konvensjonen sett i verk 1. mars 2004.
Filmen Hverdagslandskapet er produsert av Embla Film AS for Miljøverndepartementet og Statens vegvesen.