Verksemda vart Miljøfyrtårn sertifisert den 28. juni 2016, og har motteke sertifikat som dokumenterer deira sertifisering. I dag fekk dei overrekt diplomet. 

- Me ønskjer at vårt nærings- og organisasjonsliv skal følgje opp og arbeide systematisk med eigne miljøutfordringar. Det gjer verksemder som har miljøsertifisert seg. Det er difor ekstra hyggeleg for meg no å kunne overrekke Miljøfyrtårn diplom til Glass og Byggteknikk AS v/Birger Grov, sa ordførar Harry Herstad.

Verksemda har godt etablerte rutinar for miljøvenleg drift og godt arbeidsmiljø. Verksemda utviser god kjennskap til Miljøfyrtårn, og reflekterer godt rundt eigenutvikling med tanke på miljø. Følgjande bransjekrav vart lagt til grunn for sertifiseringa:

  1. Krav til alle bransjar
  2. Kontorverksemd
  3. Byggmester som underentreprenør
  4. Byggmester som hovudentreprenør


Stord kommune har vedteke å feie for eiga dør og heile kommunen skal Miljøfyrtårn sertifiserast.

Om sertifisering

Miljøfyrtårn er ei sertifiseringsordning drive av stiftinga Miljøfyrtårn. Målet er at verksemdene skal drive lønsamt og miljøvenleg. Ordninga vert støtta og anbefalt av Miljøverndepartementet.  

Vil du veta meir?

Vil du vite meir om miljøfyrtårn, eller kanskje di verksemd ynskjer sertifisering? Sjå meir informasjon om miljøfyrtårn og sertifisering på www.miljofyrtarn.no eller ta kontakt med Stord kommune sin sertifisør Kari Rydland på e-post: kari.rydland@fitjar.kommune.no