Vennskapssamarbeidet har vore mangfaldig og gjeve fleire konkrete resultat opp gjennom åra. Ein har gjennomført prosjekt og etablert samarbeid på ulike område som musikk, politikk, miljø, helse og utdanning. Representantar frå begge landa har besøkt kvarandre mange gonger. I dag flyt kontakten mellom vennskapskommunane lettare og er meir jamleg takk vere sosiale media.
Har søkt prosjektmidlar
Målet i år er å starta opp eit nytt prosjekt som set fokus på ernæring. Både Guatemala og Noreg har utfordringar på dette område. I begge landa er feilernæring ei utfordring, og styret på Stord har difor søkt Vennskap Nord/Sør om midlar til eit prosjekt som skal kartleggja matvanar hjå barn i Noreg og Guatemala og koma med konkrete tiltak som kan hjelpa landa.
Samarbeidet har bore frukter
Kommunane håpar på ei fortsetjing av det så kalla MIC-prosjektet. Sidan 2007 har Stord og Comalapa kommunar avtale om eit kommunalt internasjonalt samarbeidsprosjekt (MIC) som vert administrert av Kommunesektoren sin interesse- og arbeidsgivarorganisasjon (KS). At vennskapssamarbeidet er politisk forankra har bore frukter, og ein har til dømes hatt viktig samarbeid om system for avfallshandtering og utdanning for begge kjønn.
Årsmøte 19. februar
Vennskapsstyret på Stord oppmodar alle som er nysgjerrige og som ønskjer å læra meir om Guatemala og kulturen til mayafolket om å koma på årsmøtet onsdag 19. februar klokka 19.00 i møterom 3 i Kulturhuset.
Les meir om Vennskap Stord-Comalapa.
Bilete på topp: Delegasjonen frå Comalapa vitja Stord i mai 2013.
Bilete i artikkel: Vennskapsgruppa Stord-Comalapa, frå venstre bak: Ragnhild Storebø (sekretær, Stord), Jan Morten Nesse (nestleiar, Stord), Chris-André Elvik (leiar, Stord), Nicolas Telón (styremedlem, Comalapa) og Edwin Curruchich (leiar, Comalapa). Framme frå venstre: Gloria Cúmez (kasserar, Comalapa), Graciela Sanic (styremedlem, Comalapa), Alida Celestina Morales (nestleiar, Comalapa) og Olga Marina Salazar (sekretær, Comalapa).