Endeleg kunne dei seks bebuarane flytta inn i det nye bufellesskapet i Åsen. Tysdag 6. november var ordførar Liv Kari Eskeland invitert til å feira opninga saman med bebuarane og dei tilsette.

Etter å ha teke ordføraren med på ei omvisning i dei nye husværa, var det tid for å klyppa sløyfa og erklæra bufellesskapet for offisielt opna. Tre av bebuarane stilte opp for å hjelpa ordføraren med dette oppdraget.

Etter sløyfeopninga spanderte bebuarane blautkake på ordføraren og alle som hadde møtt opp på opninga.

Eitt av fire nye bufellesskap

Bufellesskapet Åsen ligg i Knutsaåsen, og er eitt av fire nye bufellesskap for personar med særskilte behov i Stord kommune. I Åsen er det seks husvære for bebuarar og eitt husvære som vert nytta til felles møteplass. I tillegg er det døgnoperativ personalbase.

Kvart husvære har eit areal på 75 kvadratmeter og er tilpassa dei fleste behov i alle fasar av livet. Det er til dømes heis/løfteplattform i husa.

Dei andre bufellesskapa ligg på Sæbøhaugen, på Ås og i Apalvegen. 

Snorklypping saman med ordføraren Ordføraren blir teken med på omvisning i husværa Andreas Alvsvåg viser ordføraren rundt i det nye husværet sitt.

Bildene:

Øvst: Ordføraren fekk vera med å feira innflyttinga saman med bebuarane, familiane deira og tilsette.

Nedst:
Snorklypping saman med ordførar Liv Kari Eskeland.
Ein stolt Andreas Bergsvåg tek ordføraren med på omvisning i det nye husværet sitt.