Det er stor stas å melda at alle lærlingane som byrja i 2020 klarte fagprøven i 2022. I går var det ei lita markering med utdeling av fagbrev.
- Det var veldig kjekt å møta og dela ut fagbrev til fire av dei som var ferdige som lærlingar i Stord kommune i fjor. Alle fire sa dei hadde hatt ei god læretid og jobbar no fast i kommunen, tre av dei i 100-prosent stillingar. Slik ser ein kor viktig lærlingar er for rekrutteringa vår, sa ordførar Gaute Straume Epland.
Fekk fast jobb
Anna Johanne Herskedal Irgens har fått fast jobb i 80 % stilling på Knutsaåsen omsorgssenter, Maria Fatland og Hattaya Yongram har fått 100 % fast stilling på Stord sjukeheim, og Marta Magdalena Pasternak har fått 100 % vikariat på Langeland skule.
Fagarbeidarar fordelt på fag
Helsearbeidarfaget
Andrea Arnevik Dagsland
Miriam Nygård Engen
Maria Fatland
Nathalie Hansson
Emma Jensen Hjelland
Anna Johanne Herskedal Irgens
Kathrine Utslåttøy Isaksen
Susanne Flatraaker Morken
Helene Gravdal Skjolde
Hattay Yongram
Vårin Løklingholm Engevik
Ronja Vihovde Paulsen
Barne- og ungdomsarbeidarfaget
Karoline Hansen Gravdal
Marta Magdalena Pasternak
Malin Vikanes Fylkesnes
IKT-faget
Ole Jørgen Vedå Ivarsøy
Feiarfaget/Brannførebyggjar
Børge Helland Nesbø
Me gratulerer.