Digital postkasse

I Stord kommune er det i dag 9 225 innbyggjarar som har teke i bruk digital postkasse. 574 har reservert seg mot digital postkasse, og det er gruppa 86+ år som har størst andel av reserverte. Stord ligg på 3. plass i Vestland med ein andel på 49,9% av innbyggjarane som har digital postkasse.

I 2023 brukte me omlag 557 609 kroner på porto. Dette er ressursar og pengar me gjerne skulle brukt til andre føremål. Målet vårt er at flest mogleg innbyggjarar går over til digital postkasse slik at me sparar desse ressursane og ikkje minst miljøet, seier personal- og organisasjonssjef Siren Eldøy Hinderaker.

Digital postkasse er gratis og gir deg mange fordelar

  • Du får raskare svar frå oss
  • Du får varsel i app eller e-post når du mottar brev i den digitale postkassen
  • Du får enkel oversikt over viktige brev, og tilgang til desse uansett kvar du er
  • Du har trygg og sikker oppbevaring av posten din
  • Du sparer miljøet og reduserer offentlege utgifter 
  • Du får reklamefri postkasse

Brev til privatpersoner vert sendt til digital postboks (DigiPost eller eBoks). Dersom du ikkje har oppretta digital postkasse vert brev sendt til Altinn. Brev til bedrifter og andre offentlege instansar vert også sendt via Altinn.

Slik skaffar du deg digital postkasse: 

  1. Gå inn på Velg digital postkasse | Norge.no
  2. Finn fram den elektroniske ID-en din (e-ID), for eksempel din BankID
  3. Vel enten Digipost eller e-Boks
  4. Følg instruksjonane frå e-Boks eller Digipost for å oppretta postkasse

Det er 15-års aldersgrense for å få digital postkasse.

Faktura digitalt

For å få faktura digitalt må du oppretta eFaktura eller Avtalegiro.

Med eFaktura mottar du fakturaen direkte i nettbanken. Du bør opne og kontrollere fakturaen før du godkjenner den. 

For å motta eFaktura må du ha gitt eit generelt samtykke om eFaktura, også omtalt som «Ja takk til alle» og «Alltid eFaktura». Dette gjer du i din nettbank/betalingsflate.

Mottar du faste fakturaer, kan du kombinere eFaktura med AvtaleGiro. Betalinga blir då automatisk trekt frå konto ved forfall, og treng ikkje godkjennast. 

AvtaleGiro avtale opprettar du i nettbanken med KID og kontonummer frå ein faktura. Du kan ikkje nytta opplysningar frå eit varsel/purring. 

JTTA-samtykke (Ja takk til alle/Alle eFaktura)

Frå 15.05.22 må du ha inngått JTTA-samtykke (Ja, takk til alle/Alltid eFaktura) for å få eFaktura. Fram til 01.12.21 inngjekk du avtale om eFaktura med kvar enkelt utstedar, mens med JTTA-samtykke vil du alltid få eFaktura frå alle utstedarar som tilbyr det. 

AvtaleGiro er ein avtale om automatisk betaling av faste rekningar, der banken syt for at rekningane blir betalte direkte frå konto på forfallsdatoen. AvtaleGiro-avtale inngår du i nettbanken, med kontonummer og KID frå ein faktura (ein kan ikkje nytta KID frå ei purring). AvtaleGiro blir sendt i same kanal som vanlege fakturaer. 

Om du har gitt samtykke til JTTA (eFaktura) og oppretta AvtaleGiro-avtale, vil ein få fakturaen inn i nettbanken, men utan at ein treng å godkjenna den.