Representantar for einingane Stord brann og redning, Stord vatn og avlaup KF, Stord kommunale eigedom KF, Stord hamnestell, kommunelege og kommunalsjef Knut J. Gram oppsummerte erfaringar dei hadde gjort seg og kva som kan forbetrast.
Stord kommune hadde mykje folk i aksjon og samarbeidet mellom dei ulike instansane fungerte godt. Slikt arbeid er krevjande og må gjerast med omtanke. Det er ikkje rapportert skadar på innsatspersonellet. Kommunen har nett kjøpt varslingssystem noko ein vil vurdere å ta i bruk for å informere innbyggjarane i tilsvarande situasjonar.