Hege Etterlid er konstituert som økonomisjef i Stord kommune i seks månader frå 1. oktober 2010. Same dag går noverande økonomisjef Jarle Nakken over i stillinga som dagleg leiar av sekretariatet for kontrollutvala på Haugalandet.
Hege Etterlid har sidan 2005 vore tilsett som einingsleiar i Stord kommune for eininga rekneskap og løn. Ho er m.a. utdanna bachelor i økonomifag.
Stillinga som økonomisjef vart utlyst i sommar. Det meldte seg som kjent ein søkjar. Rådmannen vil koma attende til spørsmålet om utlysing av stillinga på nyåret.
Skrive av Magnus Mjør
Sist oppdatert 25. august 2010
Hold inne ctrl-tasten og trykk + for å skalere opp, - for å skalere ned.