Inge Espenes har gått styrmann- og skipparskulen, og fram til 1999 sigla han for ulike rederi. Deretter arbeidde han som skipsagent fram til han i 2011 tok som overinspektør i Karmsund havnevesen.
Om kvifor han søkte hamnesjefstillinga på Stord, seier han at han alltid har hatt lyst til å styra ei hamn.
– Eg måtte berre gripa sjansen då eg såg at dei søkte etter ny hamnesjef på Stord, seier Espenes som gler seg veldig til å ta til i den nye jobben.
Inge Espenes tek til i stillinga som hamnesjef i Stord kommune 1. september 2013.
Espenes overtek etter Arvid Sandnes som går av med pensjon.
Bildet: Inge Espenes (Foto: Karmsund havnevesen)