Det vert fleire som etterspør helse- og omsorgstenester og det vert færre i yrkesaktiv alder til å yta desse tenestene. Det vil bli mangel på arbeidskraft i heile samfunnet, ikkje minst i helsesektoren. Stord kommune opplever alt no at rekruttering av helsepersonell og særleg sjukepleiarar er utfordrande.
For å sikra forsvarlege og bærekraftige tenester må me endra måten me organiserer arbeidet på.
Stord kommune har etter søknad om deltaking blitt ein del av KS sitt TØRN programmet som er eit nasjonalt program. Me skal i prosjektet sjå på løysingar for å organisere arbeidet på andre og meir hensiktsmessige måtar. Me skal finne ein modell for organisering som gjer at fagressursane vert nytta best mogeleg med rett kompetanse på rett plass og til rett tid.
TØRN kjem av det engelske ordet å SNU, og med det finne gode løysingar på utfordringar.
Knutsaåsen omsorgssenter er pilot i prosjektet, Knutsaåsen omsorgssenter er ei lita eining og i så måte meir sårbare enn større institusjonar då me ikkje i same grad kan dreg vekslar på ei større drift og eit større kompetansemiljø. Tillitsvalte og verneombod er sentrale deltakarar i prosjektet. Prosjektet skal ha overføringsverdi til andre helsetenester i Stord kommune.
Prosjektet perioden er frå september 2023 til desember 2024, og det er forventa at me skal finne varige forbetringstiltak. Me ser fram til å arbeide med dette viktige prosjektet til det beste for pasientar og tilsette helsetenestene i Stord kommune.