I sommar kan du sjå elevane sine modellar av busskur utstilte i kundetorget i rådhuset. Alle busskura er universelt utforma slik at dei skal kunna nyttast av alle, også personar i rullestol.
Dei 13 elevane i klassen har designa kvar sitt universelt utforma busskur.
– Me tok til med arbeidet i starten av februar og var ferdige i mai. Då har dei jobba med prosjektet omlag fire timar i veka, fortel lærar Eva Hamre Olsen.
Har gjort grundig førearbeid
Olsen kan også fortelja at elevane har sett seg grundig inn i dei kommunale planane under arbeidet med utforminga av busskura. Dei har også vore på besdriftsbesøk hos Akvator AS, som har utført ein forstudie i prosjektet om busslommer i sentrum.
Hamre Olsen synest det er spesielt kjekt å jobba med lokale problemstillingar saman med elevane.
– Så er det jo veldig kjekt å visa fram litt av det me driv med på skulen, seier ho.
Kjempar mot nedlegging
Hamre synest samstundes det er viktig å få fram at framtida til tredje klasse ved formgjevingsfag på Stord er truga i følgje den nye skulebruksplanen for vidaregåande skular i fylket som no er på høyring.
– Det er veldig viktig å ha slike tilbod i nærmiljøet. Så eg håpar inderleg dette ikkje skjer, avsluttar ho.
Bildet: Ein av busskurmodellane du kan sjå utstilt i kundetorget i rådhuset. Kom innom og sjå fleire.