På nasjonalt nivå er det stor fokus på klima og energi. Noreg har som målsetjing å redusere utsleppa av dei viktigaste drivhusgassane med minst fem prosent under 1990-nivå. Sentrale mynde sin strategi for å nå måla er mellom anna å gje lokale mynde meir ansvar i miljø og energiforvaltninga.
Første kommune i regionen
Stord kommune har fokus på klima og energi, og gjeldande klima- og energiplan dannar grunnlag for dette. Store deler av utsleppa i kommunen kjem frå mobile kjelder, der vegtrafikk (personbilar) står for brorparten av utsleppa. Som første kommune i regionen tek Stord kommune i bruk el-bilar i heimebaserte tenester.
Kommunen har som målsetting å auka talet på miljøvennlege kjøretøy, og har fått overlevert fire el-bilar til bruk i heimebaserte tenester. I samband med oppstart av bruk av el-bilar, er det etablert nye ladepunkt v/heinebaserte tenester sin stasjon i sentrum, primært for kommunen sine nye el-bilar for lading på natt, men ladestasjonane kan frigjevast for lading for andre på dagtid når kommunen sine bilar er i bruk.
Kommunen sine brukarar av heimebaserte tenester bur rundt om i heile kommunen. I sentrum av Leirvik kan ein gå mellom oppdraga. For å nå ut i resten av kommunen er vi avhengig av bilar.
- Kommunen har per i dag 35 bilar i tenesta, og byter i år ut med sju elbilar. Me håpar på ytterlegare sju bilar i 2014, seier innkjøpssjef Odd Magne Agdestein.
Gler seg til å ta bilane i bruk
Dei nye bilane skal vera i bruk frå klokka åtte om morgonen til klokka 22 om kvelden. Det blir spanande å sjå om dei klarar seg med lading om natta, slik at bilane kan gå dag og kveld utan lading.
- Me har litt færre bilar i drift om kvelden, slik at det i tilfelle er mogeleg å «fylla på» i løpet av ettermiddagen, seier innkjøpssjefen.
Einingsleiar i Heimebaserte tenester, Britt Dalsgård, kan fortelja at dei har sett fram til dette, og gler seg no til å ta dei nye bilane i bruk.
Bilane er levert av Varden bil via kommunen sin avtaleleverandør på bilar, Åkra Bil.
Bildet: Ordførar Liv Kari Eskeland (t.h.) og rådmann Magnus Mjør overleverer bilane til Heimebaserte tenester ved einingsleiar Britt Dalsgård.