Positiv Atferdsstøtte (PAS) er eit metodisk rammeverk og verdigrunnlag for all tenesteyting. Målet er å gje individuelle, langvarige og effektive tenester til personar med redusert funksjonsevne.
På sikt er målet at tenestemottakar og tilsette skal oppleva større grad av meistring og livskvalitet.
Innføringa har vore systematisk til alle tilsette. Det er laga skriftleg materiale, gjennomføring av fagdagar, opplæring på avdelingsnivå og individnivå.
Dette er eit nytt tiltak/ein ny metode i Stord kommune. Det har vore eintydig positiv omtale av innføring og metode.
Metodikken vil auke kvalitet og effektivitet og er overførbar til andre einingar i kommunen. Kristine Sætrevik har leia arbeidet.