Sjekkliste for eigenberedskap

Sjekkliste for eigenberedskap

I brosjyren listar DSB følgjande sentrale råd for eigenberedskap:

Vatn

20 liter vatn per person. Slik lagrer du vann | Sikkerhverdag

Varme og lys

  • Varme klede og pledd, dyner eller soveposar. 
  • Eit lager med stearinlys og fyrstikker eller lighter. 
  • Lommelykter eller hovudlykter for å sjå i mørket (hugs ekstra batteri) Sørg for at eldstad og pipe er godkjende og i god stand, og sjå til at du har nok ved. 
  • Gass- eller parafinomn som er berekna på bruk innandørs, er eit alternativ ved straumbrot. 
  • Naudstraum i form av aggregat eller batteri med 230 volts uttak, kan også vere verdt å vurdere. Pass då berre på å setje deg godt inn i reglane og råda for trygg bruk. 
  • Dersom straumbrotet blir langvarig og du ikkje har alternativ oppvarming: Avtal med naboar, familie eller venner om du kan vere hos dei. 
  • Har du sjølv alternativ oppvarming til straum, og kjenner nokon som ikkje har det? Vurder om du kan tilby dei å vere hos deg ved ei krise.
  • Slik reduserer du varmetapet dersom du mister straumen: Lat att dørene eller heng opp teppe mellom romma. Heng teppe eller gardiner framfor vindauga.

Mat

  • Pass på at du har litt ekstra av den maten du et til vanleg. Ved å handle før du går tom, sørgjer du for at du alltid har ein reserve i bakhand. 
  • Ha eit ekstra lager med matvarer som har lang haldbarheit og kan lagrast i romtemperatur. Dette kan til dømes vere knekkebrød, havregryn, hermetiske linser og bønner, påleggshermetikk, energibarar, tørka frukt, sjokolade, honning, kjeks og nøtter. 
  • Døme på langtidshaldbar mat som krev varmebehandling, er pasta, ris, posesuppe, mjøl, middagshermetikk og frysetørka mat. 
  • Tenk over om det er matvarer som nokon i husstanden er avhengige av eller ikkje toler. 
  • Viss du har tenkt å lage mat på stormkjøken, gassbluss eller gassgrill, bør du sjekke med jamne mellomrom at utstyret fungerer og er i god stand.

Eigenberedskap for betalingar

  • Ha fleire betalingskort. Det kan vere ulike betalingskort (debet- eller kredittkort), eller bankkort som er utferda av ulike bankar. 
  • Ha litt kontantar liggjande heime, gjerne i ulike og mindre valørar. Vurder beløpet ut frå kor mange de er i husstanden, og kva de kan ha behov for å kjøpe. 
  • Ha konto hos fleire bankar i tilfelle det oppstår tekniske problem hos ein av dei.

Legemiddel og førstehjelp

  • Lær deg grunnleggjande førstehjelp dersom du har høve til det. 
  • Ha førstehjelpsutstyr liggjande heime. Viss du har bil, bør du ha førstehjelpsutstyr også i bilen. 
  • Ha eit reservelager av legemiddel og medisinsk utstyr du bruker regelmessig. Lageret bør rekkje til minst sju dagar. Gjer det til ein vane at du hentar ny forsyning seinast éi veke før du går tom. 
  • Ha jodtablettar liggjande (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Tablettane kan beskytte mot radioaktivt jod ved atomulukker, men skal berre takast etter beskjed frå styresmaktene. Jodtabletter ved atomulykker - DSA

Grunnleggjande førstehjelp

  • Sikra frie luftvegar. 
  • Stans ytre blødingar og hald den skadde varm. 
  • Sjekk pusten. 
  • Finn ut om den skadde er ved medvit. 
  • Utfør hjarte- og lungeredning. 
  • Bruk hjartestartar.

Hygiene

  • Ha våtserviettar, handsprit og eingongshanskar liggjande. 
  • Ha ekstra toalettpapir og avfallsposar. 
  • Dersom du nokon i husstanden bruker bleier, menstruasjons- eller sanitetsprodukt, bør du ha eit ekstra lager med dette.

Dersom vatnet blir vekke i lengre tid 

  • Ver ekstra nøye med personleg hygiene etter toalettbesøk og før matlaging. 
  • Ha det ryddig og reint heime. Kast søppel og matrestar for å unngå bakteriar og skadedyr. 
  • Dersom det ikkje er mogleg å nytte toalettet som normalt, kan du lage eit nødtoalett ved å træ ein dobbel berepose rundt toalettsetet eller ei bøtte. Knyt att bereposane med dobbel knute og kast dei som vanleg restavfall. 
  • I ei krise kan du bruke vatn frå varmtvassbehaldaren i bustaden. Trekk ut støpselet før du tappar vatn frå dreneringskrana i botnen av behaldaren. Vatnet bør ikkje drikkast. 
  • Du kan vurdere å samle vatn frå tak, elv eller ferskvatn til hygieneformål, men ver klar over at dette vatnet kan vere sterkt forureina og ueigna for bruk dersom det har vore atomnedfall eller kjemiske utslepp i området. Innhent difor informasjon frå styresmaktene før du eventuelt bruker slikt vatn.

Informasjon og kommunikasjon i ei krise

Informasjon og kommunikasjon

  • Ha ein DAB-radio som fungerer også når straumen er borte. Det finst ulike variantar som går på batteri, eller som blir lada med solceller eller sveiv. Hugs at du kan høyre radio eller lade mobilen i bilen. 
  • Ha ein batteribank som du ladar opp med jamne mellomrom. 
  • Skriv ned viktige telefonnummer på papir i tilfelle du må låne ein telefon. 
  • Sjekk om kommunen din har møteplassar eller andre ordningar du kan nytte for å få informasjon dersom straumnettet og telenettet er nede. 
  • Dersom du har tilgang til Internett, men mobilnettet ikkje fungerer: Sjekk om du kan aktivere tale over Wi-Fi på telefonen, og om du har appar på telefonen som kommuniserer over Internett. 
  • Finn ut om familie eller naboar har abonnement som er knytte til eit anna mobilnett enn det du bruker

Ver kjeldekritisk

  • Innhent informasjon frå styresmaktene og redaktørstyrte journalistiske medium. 
  • Ver ekstra på vakt når du får informasjon som overraskar deg eller gjer deg redd eller sint. 
  • Sjekk kven som står bak informasjonen du får. Det kan vere at nokon med vilje spreier feilinformasjon. 
  • Ha i bakhovudet at alt av tekst, lyd, bilete og video kan manipulerast. 
  • Tenk over kva informasjon du deler vidare.

Varsling

Naudvarsel er ei teneste frå norske styresmakter. Ved ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse kan du få eit naudvarsel på mobilen, under føresetnad av at du har 4G- eller 5G-dekning. 

Varslingsanlegg er plasserte i større byar og tettstader. Når sirenene tutar i tre seriar med eit opphald på eitt minutt mellom seriane, betyr det «viktig melding – søk informasjon». Slå på til dømes NRK P1. Dersom sirenene varslar med korte tut i cirka eitt minutt, betyr det «fare for angrep – søk dekning». Når sirenene tutar samanhengande i eit halvt minutt, betyr det at faren er over.

Felles eigenberedskap

Samarbeid og fellesskap er ein stor ressurs ved kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de skal klare dykk saman. 

Finn ein beredskapsvenn 

Finn ut kven som kan trengje hjelpa di, og kven du sjølv kan få hjelp frå. Familiemedlemmar, vennar og naboar kan utfylle kvarandre ved at dei har ulike eigenskapar og kunnskapar. 

Her er nokre døme på ting de kan hjelpe kvarandre med: 

  • Førstehjelp ved skadar. 
  • Omsorg og støtte. 
  • Opphald og overnatting dersom nokon må evakuerast frå heimen sin. 
  • Omsetjing og forklaring av informasjon frå styresmaktene. 
  • Praktisk hjelp til bruk av utstyr og verktøy. 
  • Innkjøp, bering og transport. 
  • Byte eller bytelån av utstyr og varer. 
  • Lån av mobiltelefon som er kopla til eit anna nett. 
  • Felles matlaging.

Psykisk helse i kriser

Ved kriser og situasjonar prega av uvisse er det normalt å oppleve bekymring, negative tankar, dårleg søvn, uro og andre sterke kjensler. Enkelte blir meir påverka enn andre. 

  • Bruk tida på det du kan gjere noko med. Sysselset deg gjerne med noko konkret som kan hjelpe deg å samle tankane og vere til stades. 
  • Forsøk så langt det går å halde fram med rutinane du er van med, til dømes faste måltid og personleg hygiene. 
  • Oppsøk andre menneske. Ta kontakt med vennar, familie og andre dersom det let seg gjere. Sosial kontakt gir oss høve til å dele tankane våre og måtane vi handterer ting på.

Opphaldsstader ved kriser

Kor det er trygt å opphalde seg, avheng heilt og halde av kva som har skjedd. Det aller viktigaste er å søkje informasjon og følgje råda og føringane frå styresmaktene. 

I mange tilfelle er det tryggast å halde seg heime. Andre gongar kan det vere nødvendig å forlate heimen på kort varsel. 

Ved krigshandlingar kan du bli varsla om å søkje dekning. Dersom det ikkje finst tilfluktsrom rett i nærleiken, bør du søkje dekning i kjellaren eller eit rom i midten av bygget. Ved eksplosjonar kan vindauge bli knuste, og du kan bli skadd av glasbitar dersom du står for nær. Hald deg difor unna vindauge. 

Dersom du må forlate heimen

  • Legg ein plan for kor du kan dra, og korleis du skal kome deg dit. Kanskje kan du fare til slekt, vennar eller ei hytte. Ved større ulukker og katastrofar blir det ofte etablert evakuerings- og pårørandesenter. 
  • Det viktigaste å hugse dersom du må forlate heimen på kort varsel, er: varme klede/teppe, mobiltelefon, bankkort og kontantar, litt mat og drikke, identifikasjonspapir, medisinar og hjelpemiddel (t.d. briller, linser, rullator og høyrselsteknisk utstyr). 
  • Sørg for at du har nok drivstoff eller straum dersom du bruker bil. Ver førebudd på at transport i krisesituasjonar kan vere kaotisk og ta tid.

Tilfluktsrom

  • Tilfluktsrom skal verne folkesetnaden mot skadar ved krigshandlingar. 
  • Styresmaktene vil varsle når det er behov for å gå i dekning i tilfluktsrom. 
  • Du finn ei oversikt over offentlege tilfluktsrom på https://kart.dsb.no. (Søk på tilfluktsrom)
  • I tillegg er mange private bygg utstyrte med tilfluktsrom. Desse romma er meinte for dei som oppheld seg i bygget. Døme vil vere kontorbygningar, skular, barnehagar, burettslag og hotell.

Naudnummer

110 Brann 

112 Politi (når det er behov for hjelp med éin gong) 

113 Medisinsk naudtelefon (når det er akutt og står om liv) 

Naudtelefon for døve og høyrslehemma

14 12 Naudtelefon for døve og høyrslehemma 

Naud-SMS for døve, høyrslehemma eller talehemma

Naud-SMS er ei teneste som gjer det mogleg for deg som er døv, høyrslehemma eller talehemma å kontakte naudnummera via SMS (tekstmelding). For å bruke tenesta må du først registrere nummeret ditt på www.nodsms.no

Målet med eigenberedskap

Målet med Eigenberedskapsveka er å auka folk sin kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer fornuftige førebuingar. Og ofte er det ikkje så mykje som skal til for at du, og dine næraste, blir litt betre førebudd.

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) anbefaler at alle husstandar i Noreg tar nokre enkle grep for å betra sin eigenberedskap. 

Kvifor eigenberedskapsråd no?

Det er fleire forhold som gjer at det kjem eigenberedskapsråd til befolkninga no. Meir ekstremvêr er blant dei viktigaste årsakene. Ekstremvêr kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur, som til dømes straum, vatn og mobilnett. Andre forhold er sabotasje, tekniske problem, terror og krigshandlingar.

I tillegg er me som bur i Noreg – som er blant verdas tryggaste og mest stabile land – vane med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar me er avhengige av, for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det er faktisk ei sårbarheit.

Du er ein del av beredskapen i Noreg 

Sjølv om me lever i eit trygt land, er verda stadig meir uroleg, blant anna som følgje av klimaendringar, krig og digitale truslar. Dersom me vert ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.

Ved å vera førebudd bidreg du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Eigenberedskapsveka vert arrangert av DSB i samarbeid med kommunar over heile landet.

Sikker hverdag | Sikkerhverdag