Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Eigedomsskatt

Frå 1. januar 2012 vart det innført eigedomsskatt på verk og bruk Stord kommune. Frå 1. januar 2013 vart det også innført eigedomsskatt på næringseigedomar, bustader og fritidseigedomar. 

Frå 1. januar 2025 har alle eigedomar fått ny takst. Kommunestyret har vedteke at det skal skrivast ut eigedomsskatt på alle faste eigedomar i kommunen. Heimel for dette er eigedomsskattelova § 3 bokstav a.

Informasjonsbrosjyre for eigedomar med kommunal takst i Stord kommune.pdf

For bustadeigedomar vert bustadverdi (formuegrunnlag) henta frå Skatteetaten nytta som takst. Desse er ikkje synfart.
 

fleire hus ved sida av ein annan. foto
Hold inne ctrl-tasten og trykk + for å skalere opp, - for å skalere ned.