Urovekkande trend

Antidoping Norge er bekymra for ein treningskultur blant unge på avvegar, der utsjånaden og ein muskuløs kropp er viktigare enn helsa, der unge menneske vert freista til å ta snarvegar for å oppnå draumekroppen.

Ressurspersonane rundt dei unge treng styrka kunnskap om dei fysiske, psykiske og sosiale konsekvensane av dopingbruken og det er viktig at ungdommane møter dei gode haldningane på fleire arenaer og frå ulike personar. 

Målet med seminaret er at alle som jobbar med ungdom skal få auka kunnskap og konkrete verktøy som kan nyttast i arbeidskvardagen – om korleis det kan jobbast for å førebyggja, oppdaga og ikkje minst handtera eventuell dopingbruk blant ungdom.

Dei 127 deltakarane kom frå fleire kommunar i Vestland fylke og frå mange ulike fagområde, som skule, helsestasjon, utekontakt, barnevern, rusomsorg, samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT), politi, treningssenterbransjen, idrettslag og kriminalomsorga.

Tankevekkande innlegg

Fredrik Lauritzen, forskingssjef i Antidoping Norge, snakka om kosttilskot, om det er ei dopingfelle eller ein nødvendig del av treninga. Han oppmoda mellom anna om å vera forsiktig med produkt som lovar prestasjonsfremjande effekt, blandingsprodukt, produkt med ufullstendig varedeklarasjon (anabolic blend), produkt kjøpt i utlandet og på nett, produkt frå ukjente produsentar, då bruk av slike produkt kan føra til ubevisst doping.

Kaja Haugen, fylkeskoordinator i Antidoping Norge, snakka om anabole steroid og kor lett det er å få tak i. Ungdom har eit stort informasjonsbehov og nyttar ikkje sikre kjelder som t.d. helsedirektoratet sine sider for å informasjon, men dei googlar heller, eller spør ein influensar dei følgjer. 

Sosial medium, som Tiktok, med feed basert på algoritmar gjev einsarta informasjon. Det vert difor svært viktig korleis me kan førebyggja bruk, gjennom haldningsarbeid. Dette handlar om sårbare ungdomar, som er usikre i høve kroppen sin, og det er oftast kroppspress og vonde kjensler som ligg bak eit ønske om å endra kroppen. Alle som har med ungdomar å gjera må jobba på lag.

I 2013 vart bruk og det å ha/eiga anabole-androgene steroid og andre dopingmidlar forbode. Haldningar som «alle brukar det», «folk må få gjera som dei vil» og «det er ikkje mogeleg utan doping» må møtast og utfordrast. Ungdomen må få informasjon om at det finns alternativ til doping.  

Kaja kom med følgjande 4 tips: 

  • Vær bevisst doping som eit samfunnsproblem. (Kva gjer me om me får kjennskap til bruk? Kven tek tak og korleis? Har me ein plan?)
  • Tilby eit alternativ til doping. (Det er mogeleg å byggja store musklar og ta OL- medalje utan å bruka doping.)
  • Ta tak i dårlege haldningar og feilinformasjon.
  • Snakk om doping. Bruk ordet doping.

Ingebjørg Aaland, idrettsfaglærar ved Stord vidaregåande skule, i sofaprat med Kaja Haugen, fylkeskoordinator i Antidoping Norge, understreka kor viktig det er at lærarane bryr seg, er synlege, spør/har samtalar med elevane om dei oppdagar endringar i t.d. treningsvanar. Dei jobbar for å støtta elevane i å ta gode val. På VG1 har dei treningslære, elevane lærer om teknikk i styrkerommet for idretten dei ønskjer bli god i eller måla dei set seg, og elevane lærer om kosthald for prestasjonsutvikling. Dei ser trenden at fleire og fleire trenar for å sjå bra ut.

Treningskultur og dopingbruk

Dagleg leiar i Antidoping Norge, Anders Solheim, er veldig glad for at dei har eit samarbeid med Vestland fylkeskommune, og at dette seminaret vart til i samarbeid med Stord og Bømlo kommune:

«Vi vet at det er mange unge som er opptatt av kropp, av utseende og det å prestere. Vi tror det er viktig at vi kan gi informasjon til dem og være en god sparringspartner, og på denne måten bidra til god helse og livskvalitet. Dette er bakteppet for seminaret. 

Vi vet det er mange som er opptatt av trening og i en alder hvor de kanskje trener i andre arenaer enn de har gjort tidligere, som i idrettslag der foreldrene har vært med. 

Kaja Haugen, fylkeskoordinator i Antidoping Norge, har møtt over 2000 personer i Vestland og hatt opp mot 30 foredrag i 2024. Dette syns vi i Antidoping Vestland er viktig, for en ting er å nå de unge gjennom sosiale medium, som TikTok, noe annet er å kunne snakke med mennesker, også de som treffer ungdom som er i en risikoutsatt posisjon, som kanskje ikke helt ser hva som er årsaken til problemene.

Årsakene kan nettopp ligge i treningskulturen og dopingbruk, men det er kanskje ikke det første man tenker på. Derfor tror jeg det er viktig at vi kan ha sånne arrangementer som dette.»

Innhald

Programmet for dagen var som følgjer:

  • «Korleis går det med ungdom i Vest?» 
    ved Bjarte Epland, SLT-koordinator i Stord kommune
  • «Kva er doping og kvifor er det så attraktivt for nokre?»
    ved Morten Heierdal, fagrådgjevar i Antidoping Norge
  • «Kva er haldningane til doping blant ungdom og korleis førebyggja dopingbruk?» ved Kaja Haugen, fylkeskoordinator i Antidoping Norge for Vestland fylke
  • «Vert dei unge sine haldningar til doping påverka av kvar dei trenar?»
    ved Fredrik Lauritzen, forskingssjef i Antidoping Norge
  • «Korleis oppdaga og handtera mistanke?»
  • «Erfaringar frå eit treningssenter. Korleis gjennomføra den viktige samtalen i praksis?» Sofaprat med Linda Blom Nilsen 
  • Sofaprat med lokale ressurspersonar frå politiet og kommunen

Foredrag for idrettslaga

Torsdag kveld skipa Stord idrettslag til gratis foredrag med Antidoping Norge for utøvarar, trenarar/leiarar og foreldre i breiddeidretten. 

Føredraget var todelt: første del var for alle og handla om grunnleggjande antidoping-opplæring, mens andre del var for foreldre, trenarar og støtteapparat og handla om korleis dei vaksne kan førebyggja, oppdaga og handtera dopingbruk blant ungdom.

"Antidoping Norge (ADNO*) ble opprettet 3. juni 2003 av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) og Kultur- og kirkedepartementet (KKD) som en uavhengig stiftelse. Dette for å sikre at kontroll og påtalevirksomheten av dopingsaker organiseres uavhengig av NIF og staten.

De senere årene har stiftelsen utvidet sin portefølje og er gitt muligheten til å trappe opp sitt arbeid utenfor den organiserte idretten. Til denne delen av virksomheten mottar ADNO tilskudd fra helsemyndighetene." 

Kjelde: Antidoping Norge