Grønn Hverdag er 20 år og markerer jubileet med ein miljøvenleg stafett som går gjennom heile landet. Stafettpinnen/budstikka er ein pergamentrull som undervegs vert fylt med tiltak som er gjort for miljøet.

Onsdag 18. mai kom stafettpinnen med ferja frå Halhjem til Sandvikvåg. Der stod Stordordførar Liv Kari Eskeland klar til å ta i mot. Ferda til Leirvik gjekk deretter vidare i ein miljøvenleg Toyota Prius hybridbil. (Ein hybridbil er den mest miljøvenlege bilen nest etter elbilen). 

Skal vidare til Sveio

Det var besteforeldreaksjonen som leverte stafettpinnen vidare til Stordordførar Liv Kari Eskeland. Fredag 20. mai skal ordføraren senda pinnen vidare gjennom tunnellen til Sveio.

– Varaordførar i Sveio, Kirsti Tveitaskog skal ta i mot stafettpinnen på andre sida av tunnellen. Eg skal finna ein miljøvenleg måte å  frakta han gjennom tunnellen, lovar Eskeland.

Frå Sveio skal stafettpinnen vidare til Vise og lyrikkfestivalen i Haugesund.

I midten av november vil stafettpinnen til slutt nå hovudstaden der han skal overrekkjast miljøvernministeren.

Bildet:
Stordordførar Liv Kari Eskeland (t.v.) studerer pergamentrullen til stafetten saman med sjåfør Turid Solgård frå Grønn Hverdag Haugalandet. Bilen er ein miljøvenleg Toyota Prius.  

Les meir om Jubileumsstafetten på Grønn Hverdag sine heimesider