Forbodet mot gjennomkøyring gjeld strekninga frå kryss E39/Vestlivegen til fv5044 til kryss Skyttarhaugsvegen. Skilta «forbod mot motorvogn» med underskilt «Gjeld gjennomkøyring» vert avdekka 09.04.2024 kl. 09.00
Den aktuelle delen av Ådlandsvegen er i dag belasta med stor gjennomkøyringstrafikk. Vegen er ikkje dimensjonert for dagens trafikkmengde eller fartsnivå. Gjennomkøyringa har skapt farlege situasjonar på den smale og uoversiktlege vegen. Bebuarane i området har opplevd trafikken som belastande og utrygg. Tiltaket er prioritert som nr. 2 i kommunal trafikksikringsplan. Kommunen ber om at forbodsskilta vert respektert.