Elisabeth Gjerde er utdanna bygningsingeniør og har vore fagleiar på byggjesak/deling i Bømlo kommune sidan 2010. Ho byrja nyutdanna i Bømlo kommune ved oppmålingsavdelinga i 1988, men har hatt mange varierte oppgåver. I tillegg har ho tidvis vore konstituert som teknisk sjef.
Gjerde har samarbeida med RBO tidlegare, og ser fram til nye oppgåver.
Eg har hatt gleda av å treffa og samarbeida med nokre av dei tilsette ved RBO frå før. No ser eg fram til å møta nye spanande oppgåver saman med nye kollegaer, og eg ser med spaning fram til det å jobba i sjølve byen og regionssenteret Stord, seier Gjerde.
Kva tenkjer du at du kjem til å trivast med eller kan vera utfordrande i ny eining?
Som i andre kommunar er det starta ein digitaliseringsprosess for dei ulike tenestene til innbyggjarane våre. Her tenkjer eg at det, for RBO sin del, blir fokus på å føra dette arbeidet vidare. I tillegg blir det eit viktig og spanande arbeid med arealdelen i kommuneplanen.
Gjerde byrjar 1. februar 2023.
Me ønskjer ho velkomen til oss.