Det er Arkitekturverkstedet i Oslo/ Asplan Viak som har teikna og prosjektert bufellesskapa, som skal reisast på fire ulike tomter i Stord kommune. Det skal byggjast til saman 21 bustader øyremerka funksjonshemma og vanskeligstilte. Prosjektet skal etter planen vera ferdigstilt i mai 2012.
Starta planlegginga i 2008
Hausten 2008 søkte kommunen Husbanken om kompetansemidlar for å utvikla ein modell for bustadbygging, og fekk tildelt kr 450.000 til føremålet.
Målet med prosjektet er å leggja til rette for eit godt bustadtilbod for dei som elles har vanskar med å skaffa seg eigen bustad, eller som har behov for å bu i eit bufellesskap saman med andre.
Bustadprosjektet skulle i tillegg vera basert på lågenergi, låg pris, universell utforming, god stadstilpassing og samanheng mellom gode inne- og uterom.
Våren 2009 var det utlyst arkitekt konkurranse, og vinnar var Arkitektverkstedet Asplan Viak med konseptet ”Der alle skulle tru at nokon kunne bu”. Kontrakt på prosjektering vart inngått med AVO Asplan Viak hausten 2009. I haust vart Engevik og Tislevoll AS tildelt byggekontrakten.
Fire bufellesskap med døgnbemmanning
Dei 21 bustadene skal fordelast på 4 ulike tomter; Apalvegen, Knutsaåsen, Sæbøhaugen og Åsringen. I kvar av dei fire bufelleskapa er det sett av ein leilegheit til felles møteplass. I tillegg er det ein personalbase som skal vera operativ heile døgeret.
Kvar bustad har eit areal på 75 kvadratmeter, og er universellt utforma i samsvar med Husbanken sine krav og Stord kommune sin rettleiar. Det er heis/løfteplattform i alle husa. Bustadene er også tilpassa dei fleste behov i alle fasar av livet.
Etter planen skal bufellesskapa på Sæbøhaugen og i Apalvegen stå ferdige i løpet av november 2011, medan Knutsaåsen og Ås er planlagt innflyttingsklare innan mai 2012.
Fleksible modular
Hovedtanken i Asplan Viak sitt konsept har vore å skapa eit enkelt bygningsvolum med gode romlege kvalitetar som kan setjast saman på ulike måtar avhengig av tomtene kommunen har til rådvelde.
Ulike konstellasjonar av boligvolum gir ulike former for uterom, passasjar og gardsrom. Saman med dei skjerma, private uteromma vil bebuarane få høve til ulik grad av tilbaketrekking og deltaking i fellesskapet.
Energiøkonomisering
Bustadmodellen til Asplan Viak tilfredsstiller dei strengaste krav til energibruk og tilgjenge. Kompakte bygningsvolum avgrensar omfanget av kuldebru- og tettleiksproblematikk. Arealeffektive leiligheiter reduserer behovet for oppvarming.
– Konseptet er valt med tanke på høve for gjenbruk av prosjektering og teikningar. Dette vil føra til lågare byggekostnadar for kvar ny utbygging. Det er gjort materialval som over tid vil gi låge utgifter både til drift, straum og vedlikehald. Lågenergi (passivhusstandard) gir energiforbruk på ca 80kWh/m2 pr år. Dette kjem bebuarane til gode, seier Stord kommune sin prosjektleiar Ole Håkon Sætre.
Finansiert av Husbanken
Utbygginga er politisk godkjent på vilkår av at husleiga ikkje skal overstiga kr 7500,-inklusive fellesutgifter som forsikring, kommunale avgifter og vedlikehald.
Prosjektet har ei total kostnadsramme på 65 millionar kroner. Kommunen bidrar med ”gratis” tomt, i tillegg vert momsrefusjonen ført tilbake til prosjektet. Husbanken finansierer prosjektet med lån og tilskott på 16 millionar.
– Utan denne hjelpa ville det ikkje vore mogleg å gjennomføra prosjektet innanfor gitte rammer. Leigetakarane, og kommunen for personalbasen, må betala husleige på inntil kr 7500,-. Dersom leigetakarane blir tildelt statleg bustønad vil dette sjølvsagt koma til fråtrekk å husleiga, seier Sætre.
Tildeling av bustader
Nokre av bustadene er tildelt ved tidligare utlysing, og eit samarbeid med enkeltpersonar og deira pårørande. Det er framleis ledige bustader. Dei vert lyst ut i bladet Sunnhordland og på heimesida til Stord kommune.
Bildene
Øvst: Gravearbeidet er i gang på Åstomta. Frå venstre: Harald Engevik (Engevik og Tislevoll AS), Ole Håkon Sætre (prosjektleiar frå Stord kommune), Astrid Larsen (prosjektleiar for Stord kommune i planleggingsfasen), Kåre Løkhammer (komitéleiar Rehabilitering, helse og omsorg, Olav Eide (leiar for Stord kommunale eigedom KF)
Nedst: Skisse av fasade Apalvegen.