Her er meir informasjon og ei oversikt over dagsturhyttene i Vestland, samt plasseringa av dagsturhyttene på kart.
Om boka
Boka om dagsturhyttene i Hordaland inneheld bilete og korte presentasjonar av 32 hytter og nærområdet rundt hyttene, inkludert kor høgt hyttene ligg over havet, korleis finna fram til dei, samt distansen i km og kor lang tid det tek å gå til dei.
Folkehelse
Dagsturhyttene har fått tusenvis av menneske ut på tur. Hyttene er blitt nye møtestader, til kvardagsbruk. Hyttene er gode som ly for ver og vind. Dei finst i nærområda, dei gjer det meir sosialt å vera på tur.
Slik styrkjer dei folkehelsa. Dei utvikler lokal kultur og identitet og syner fram vakre stader og variert natur.
Kjelde: boka Dagsturhyttene Hordaland
Om hyttene
Nesten alle kommunane i Vestland har minst ei dagsturhytte. Hyttene er kjende landemerke og populære turmål.
Alle hyttene skal ha eit nynorsk turbibliotek. Det skal stimulera til lesing, fremja nynorsk litteratur spesielt og gjera innbyggarane betre kjent med det lokale biblioteket sitt. Det er dei kommunale folkebiblioteka som han ansvaret for turbiblioteka. Bøkene gir farge og trivsel i hytta, og det å setja seg ned og ha lesestund i hytta er ein tilleggsdimensjon til turopplevinga som mange set pris på.
Dagsturhyttene er ein utmerka formidlingsarena. Det har vorte arrangert konsertar, teaterframsyningar, lesestunder og anna på og ved hyttene.
Dagsturhytta er teikna av Rojo arkitekter i Trondheim, og dette designet har blitt vidareført i tidlegare Hordaland. Hyttene her er bygde av Stad Kystbygg.
Det har heile vegen blitt lagt opp til at kommunane kan invitera innbyggarane med i prosjektet, t.d. namnekonkurre, innspel til plassering, folkemøte og dugnad. Mange frivillige har bidrege med opparbeiding, og i ein del kommunar er det frivillige lag og organisasjonar som har fått driftsansvar for hyttene.
Kjelde: Dagsturhytta - Vestland fylkeskommune