Stipendet er til prosjektet "Nett i livet - eller livet på nett". Med utgangspunkt i samtidsromanar ønskjer biblioteka å arrangere debatt kring den digitale kvardagen vår. Målgruppa er dei vidaregåande skulane i kommunane, skriv Sunbib på heimesida si.
Også nabokommunen Bømlo får saman med Bømlo kulturhus tildelt stipend på 50 000 kroner, som skal gå til eit litterært debattprosjekt kalla "Kan vestlendingen nokon sinne bli lukkeleg?".