Fylkesrådmann Rune Haugsdal og leiargruppa hans har det siste året sett av ein dag i månaden til å besøke ein kommune i Hordaland, for å treffe rådmann og leiargruppa i kommunen. Dette for å bli kjent, og gjensidig orientere om arbeidsoppgåver, utfordringar, og kva dei kan løyse saman.
Det var mange tema som som kom opp, som arbeidsmarknadssituasjonen i Sunnhordland, kollektivtransport og andre samferdselsspørsmål, samarbeid med Stord vidaregåande skule og kulturminnevern.
Etter samtale og lunsj tok dei turen ut. Først var dei på Spinae Company og fekk omvisning, vidare såg dei på dei nye danse- og parkourlokala hos Stord kulturskule i Osen, også til slutt var dei på Eldøyane næringspark hos verksemda Unitech.
Bilete: frå venstre; fylkesdirektør økonomi- og organisasjon Ingrid Holm Svendsen, fylkesdirektør regional utvikling Bård Sandal, einingsleiar Regulering, bygg og oppmåling Lovise Vestbøstad, rådmann Magnus Mjør, fylkesrådmann Rune Haugsdal, kommunalsjef Mariann J. Hilt, fylkesdirektør Samferdsel Håkon Rasmussen, fylkesdirektør kultur og idrett Anna Elisa Tryti, fylkesdirektør opplæring Svein-Leidulf Heggheim og kommunalsjef Knut J. Gram.