Barnevernsproffane er ein del av Forandringsfabrikken, som er ein nasjonal organisasjon som jobbar for at barn og unge skal få vera med på å bestemma den hjelpa dei får, både på samfunnsnivå og individnivå.

Betre samarbeid

Proffane har vore involvert i prosjektet i fleire kommunar, og ser forskjellar mellom barnevernstenestane i dei ulike kommunane.

- Felles for alle kommunar er utfordringa knytt til korleis ein skal møta barnet, og me gjev difor forslag til konkrete tiltak og utviklingsmål som me trur vil resultera i eit betre samarbeid mellom barnevernet og barnet, fortel Karoline (20).

Proffane meiner barnevernstenesta på Stord kan beskrivast som båKaroline deler erfaringer med Laila Økland og Brith Karin Nævdal.de ærleg og opent.

- Dei tilsette i barnevernstenesta på Stord er samarbeidsvillige, og me opplever at dei lyttar til meiningane våre og den erfaringa me bidreg med. Det er tydeleg at dei ønskjer å læra, seier Charlotte (18).

Drøftar omgrep

I prosjektet jobbar ein blant anna med å sjå på kva ord og omgrep barnevernet bør bruka, som barn lettare kan relatera til og som fjernar distansen mellom barnet og tilsette i barnevernet.

- For eksempel meiner me proffar at omgrepet saksbehandlar er eit negativt lada ord som høyres både skummelt og upersonleg ut i eit barn sine øyrer. Eit barn er ikkje ein sak. Me ønskjer difor at barnevernet heller nyttar seg av ordet kontaktperson, då dette er eit ord som mange barn også møter i andre samanheng som for eksempel på skulen, seier Karoline.

Meir profesjonell nærvær

SIB er i gang med å rekruttera eigne barnevernsproffar lokalt. Ungdomane som vitja barnevernstenesta på Stord opplever alle at oppdraget dei har teke på seg er positivt både for dei personleg og for barnevernstenesta.

- For oss som har erfaring med barnevernet er det gjevande å få bidra med den kunnskap me har for å forbetra barnevernstenesta. Me jobbar for at barna som møter barnevernet skal få møta menneskje og ikkje berre etat, og har tru på att dette prosjektet vil gje ein slik omdreiing.

- Det arbeidet me bidreg med skal gje mindre profesjonell avstand og meir profesjonell nærvær, oppsummerer Harald (19).

Prosjektet på Stord starta i desember i fjor, og held fram ut 2015.

Bilete på topp: Fire barnevernsproffar frå ulike kommunar i Noreg vitja barnevernstenesta på Stord. Frå venstre: Harald, Karoline, Charlotte og Iselin.

Bilete i artikkel: Barnevernsproff Karoline deler erfaringer med Laila Økland og Brith Karin Nævdal i barnevernstenesta på Stord.