Som lokalt barnehagemynde skal kommunen sjå til at barnehagane vert drivne i samsvar med regelverket. Denne rolla vert utøvd gjennom rettleiing, tilsyn og godkjenning av alle barnehagane i kommunen. Ansvaret som barnehagemynde gjeld både for kommunale og private barnehagar.
Som barnehagemynde kan kommunen gje pålegg om retting av ulovlege eller uforsvarlege forhold ved godkjente eller godkjenningspliktige verksemder. Å sikra at regelverk vert følgt medfører aktivitet om å vurdera risiko for brot på barnehagelova med forskrifter, og plikt til å bruka verkemidla slik at barnehageeigar sin praksis er i tråd med regelverket.
Ein kan lesa meir om kommunen si rolle som barnehagemynde her:
Krav til likebehandling og upartiskheit
Det er eit krav at kommunen skal organisera oppgåvene som lokalt barnehagemynde skilt frå oppgåvene som barnehageeigar, jamfør Lov om barnehagar § 11:
Kommunen skal likebehandle private og kommunale barnehager når den utfører oppgaver som barnehagemyndighet. Kommunen skal organisere oppgavene den har som barnehagemyndighet adskilt fra oppgavene den har som barnehageeier når dette er egnet til å ivareta tilliten til kommunens upartiskhet som barnehagemyndighet.
For å sikra rettstryggleiken til alle barnehageeigarar i Stord kommune, er rolla som barnehageeigar skilt frå rolla som barnehagemynde. I Stord kommune er det avdeling forvaltning, tilsyn og administrasjon under kommunalsjef for Oppvekst og kultur som utøver rolla som barnehagemynde, og som utfører lokalt tilsyn etter barnehagelova med forskrifter. Målet med å føra tilsyn er å sikra at barna i kommunen får eit barnehagetilbod i tråd med krava i gjeldande lover og forskrifter.
Det er barnehageeigar som er ansvarleg for at krav i regelverk vert følgt.
Rettleiing
Som barnehagemynde har kommunen gjennom aktiv rettleiing ansvar for å sjå til at barnehagane vert drivne i tråd med krav som er fastsett i Lov om barnehagar med tilhøyrande forskrifter. Aktiv og god rettleiing er eit viktig verkemiddel for å ha gode barnehagar. Med utgangspunkt i dei opplysningane kommunen får kjennskap til, skal barnehagemynde rettleia barnehageeigar til å følgja regelverket. Gjennom risikovurdering skal ein bestemma når rettleiing er føremålstenleg. Dersom rettleiing ikkje fører til endring, er det naudsynt å bruka tilsyn som verkemiddel. Tilsyn kan og gjennomførast utan at det først har vore gitt tilbod om rettleiing.
Tilsyn med barnehagar
Stord kommune har, i samarbeid med FOS-kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad og Sveio, utarbeida Strategi for risikovurdering, rettleiing og tilsyn med barnehagar. Det vert skilt mellom stadlege tilsyn, og dokumentbaserte tilsyn. Tilsyn vert som regel varsla på førehand, men kommunen har også høve til å gjennomføre umelde tilsyn. Det er formelle reglar og rutinar for gjennomføring av tilsyn i barnehagar.
Godkjenning av barnehagar
Stord kommune har hovudansvaret for at barnehagar som vert etablert i kommunen oppfyller krava i regelverket.
Alle barnehagar skal godkjennast av kommunen før dei startar opp. Kommunen skal vidare sjå til at verksemda sin praksis er i tråd med godkjenninga og krav i barnehagelova.
Dersom ein godkjent barnehage gjer endringar av eit visst omfang, må barnehageeigar melda frå om dette til Stord kommune som barnehagemynde.